30. juni vedtok UPN ledelse mot våre klåre råd å innføra ny driftsmodell på våre installasjonar 1. juli. I møtet 30. juni frårådde Industri Energi i skrivs form å gå vidare i denne prosessen.

Våre hovudpoeng mot å gå vidare no var:

- manglande etterleving av regelverk om arbeidstakarmedverknad i HAZID. I denne fasen gjeld det spesielt farevurderingane i flytteplanar.

- ved avgang av personell (58+) er både resurssituasjonen og kompetanse situasjonen så kritisk at Industri Energi meinar det ikkje er forsvarleg å gjennomføra bedriftens flytteplan.

- grunna bedrifta si bruk av styringsretten i mange saker er samarbeidsformen både sentralt og lokalt sterkt svekka.

Me avslutta med at dersom bedriften ikkje tok våre råd til fylge ville me meddela bedriften skriftleg korleis me ville forhalda oss vidare.

Etter å ha skaffa oss grundigare innsyn i kva som hadde skjedd lokalt i HAZID arbeidet og mangel på deltaking og etterleving av regelverk valde me 16. juni å tilskriva konsernrevisjonen (COA) ved dens leiar. I vår henvendelse skriv me blant anna:

”Industri Energi er bekymret for at det totale omfanget av endringer, ny modell, nye arbeidsprosesser og styringssystem samt flytteplaner ikke er risikomessig forsvarlig.

Vi anmoder konsernrevisjonen å gjennomføre en uavhengig revisjon av endringsomfanget samt prosessen forut for besluttning av M9.
UPN led er orientert om denne henvendelsen.”

Med denne henvendelsen har Industri Energi gjort det som er mogeleg på indre bane. Me ser behovet for at planane vert grundig gjennomgått no, men me får som svar at dette vil ledelsen gjera i etterkant. Då kan me berre påpeika kven som er ansvarlege for denne prosessen og for sikker drift på våre installasjonar.

Frå ein installasjon har me mottatt denne beskrivelsen av arbeidet med flytteplanen:

"Flytteplanen er et kompromiss mellom behovene hos avgivende og mottakende enhet, og alle installasjoner har som xxxxxxxx behov for fungering ifm flyttingen."

Dette er jo heil sprøtt, det må vera det svakaste leddet som avgjer, ingen kan avgje personell og kompetanse før dei er sikra. Då må heller heile prosessen ta lengre tid dersom det er så viktig for UPN leiinga å gjennomføra den uansvarleg store forflyttinga dei har planlagt.
Bedriften har i etterkant av vedtaket sitt 30. juni starta ein stor etterrekruttering som me sjølvsagt er glad for at har kome i gang, men dette hjelper ikkje på denne situasjonen. Dei som no vert ansatt er personell som har vore innleigde i ei årrekke og som allereie er med i dei bemanningstala som ligg i dimensjoneringa på installasjonane. Det einaste det sikrar er at den kompetansen dei innehar vert i selskapet vidare.

Kjære medlemar, me vert i mange samanhengar pålagt stor innflytelse, men me vil til slutt påpeika følgande: Når konsernledelse og UPN ledelse samt revisjon avviser å ta omsyn til våre råd og høyra på våre bekymringar, då påtar dei seg eit svært stort ansvar.

 

For arbeidsutvalet Sokkelforeininga
Dag Unnar